Seniortrimmen som starta opp for om lag halvannan månad sidan i treningaapparata ved kunstgrasbanen og klatreparken, ser ut til å bli meir og meir populær. Sist onsdag dukka det opp ein ny trimmar, og i dag møtte to, ei dame og ein mann, opp for første gong. I tillegg til at kvar og ein trenar tilpassa sitt nivå, har også samlingane eit viktig sosialt element. Treninga går med liv og lyst, og felles for alle er at dei seier at dei kjenner at det gjer godt. Etter treninga er det alltid tid til ein god drøs.

Veret har også vore ein solid medspelar denne hausten. Det er verkeleg koseleg å driva denne form for trening utandørs under slike forhold. Treningane held fram kvar onsdag frå kl.10 og om lag ein time framover. Det er kjekt om endå fleire tar turen. Dersom det ikkje passar då, anbefaler vi å bruka apparata til andre tider, gjerne i tilknytning til turgåing.

Dag Hermansen nytta høvet til ein runde i klatreparken. Han kom flott gjennom løypa utan å berøra grusen.
Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland.