Attval på styret i Uskedal Utvikling. God drift i 2025.
Gunn Mari Moberg held fram som leiar i Uskedal Utvikling. Med seg i styret har ho: Remi Onarheim, Jannike Myklebust, Eva R. Ljosnes, Steinar Kroka. Varamedlemer: Berit H. Døssland og Hanna Kjærland (ny). Sjå bilete på topp. Jannike Myklebust var ikkje med då bilete vart teke. Uskedal utvikling kan syna til god drift i 2025 med mange gode tiltak. Trass minus på drifta i 2025 er økonomien god. Nettsida uskedalen.no har i 2026 vore i samanhengande drift i 20 år, noko som skal markerast i vårhalvåret.

Styret la fram ei solid årsmelding. Det same gjode Dugnadsgruppa v/ Steinar Kroka. Uskedalen.no hadde eiga melding med statstikk som synte antal klikk og visningar. Det er produsert 787 innlegg i 2025. Det er ein svak tilbakegang, men i liten grad. Målet er at det skal vera ei ny sak som nyhende kvar dag.
Rekneskapen syner minus på drifta på kr. 78 000,-. På konto pr. 31.12.25 har laget kr. 234 000,-. Konto Kafe Tiaren: 130 000,-. Av inntekter nemner vi. Momskompensasjon: kr. 74 000,-. Overskot på uskedalen.no: kr. 45 000,-.
Frå Handlingsplan 2026 tek vi med:
- Årlege møte med laga i bygda
- Halda fram med Kafe Tiaren
- Motivera til rydding i strandsona og langs vegen og elva
- Tiltak for å skapa trivsel i bygda, mellom anna ved bruk av blomar, vimplar, bord og benker
- Vedlikehald og renovering av Gamleskulen
- Vera pådriva for å skapa aktivitetar som skaper liv og trvsel
- Finna fleire som kan skriva på nettsida
- Få aktivitet i kjellaren med mellom anna Kjellarkveld, utstillingar, marknad m.m.
- Prosjekt: Betre skilting i Uskedalen
Meir om arbeidet i Dugnadsgruppa kjem i eige innlegg.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal