Aspirantane var solistar med hovudkorpset.
Kjekk sommaravslutningskonsert.
Torsdag var det klart for sommaravslutningskonsert for musikantane i Rosendal Skulekorps og Uskedal Skulemusikk. Det skjedde i Rosendal Samfunnshus. Korpsa har denne sesongen arbeidd tettare enn nokon gong, og både dirigenten, Nich Hughs, og leiarane i begge korpsa gav uttrykk for at dette var positivt. På konserten opptredde både aspirantane og hovudkorpset. Eit høgdepunkt var det då Ylva Helgesen frå Uskedal Skulemusikk blei overrekt 5 års medaljen som musikar i korpset.

Det var aspirantane som opna ballet. Dei spela tre korte nummer og gjennomførte med både presisjon, god rytme og tone. Dei var 8 i talet og tre av desse er frå Uskedalen.
Neste post på programmet var det absolutte høgdepunktet! Då var nemleg aspirantane solistar med hovudkorpset i dei to nummera Spania og Baby Shark. Det var første gong aspirantane spela saman med hovudkorpset. Heilt tydeleg at dei storkosa seg, og dei fekk det verkeleg til å svinga. Dette skulle vi hatt på film! Etter denne vakre musikken kom eit nytt høgdepunkt då leiar Monica Hermann overrekte medalje til Ylva Helgesen for 5 års innsats i skulemusikken. Frå ho starta på barytonen som lita jenta har ho no utvikla seg til ein erfaren og dyktig musikar.

Hovudkorpset avslutta konserten. Dirigent Nick Hughs kunne forlja at dei måtte redusera det planlagte programmet frå 5 til 3 nummer. Dei hadde nemleg fråfall på nokre svært sentrale musikarar på grunn av kolliderande skuleavslutning. Trass i dette kom dei godt frå si avdeling som starta med svært kule og svingande afrikanske rytmar. Med ei fin framføring av Lion King tona konserten ut. Det var ein veldig kjekk konsert både i oppbygging og musikkutvalg, og dei unge musikarane fekk mykje og velfortent applaus etter kvart i konserten.
Det er tydeleg at dette gode samarbeidet ber frukter. Med dagens mannskap er det svært fornuftig at det skal halda fram. Det gjev svært god musikalsk utvikling for dei unge musikarane. Det var bra med publikum, men musikarane hadde fortent fleire. Kjekt var det i alle fall! Kjekt var det også å sjå at det var ein god del uskedelingar i salen.

Til slutt tar eg med ein kommentar frå dirigenten då Håvard Stensletten Eik, som no er aktiv i Bergensområdet, og eg snakka med han etter konserten. “Det har jammen komme mange flinke musikarar som har starta i Uskedal Skulemusikk”. Eg kan leggja til at det også gjeld Rosendalkorpset. Og håpet er at det skal bli mange fleire. Etter konserten var det i alle fall prøveblås for nye kandidatar slik det var i Uskedalen tidlegare i veka. Til foreldre: Ta kontakt med Monica Hermann så ordnar ho slik at ein blir sikra ein fantastisk hobby for heile livet. Det er ei flott gåve til barna!
Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland