Masse lyd på prøveblås!
I dag var skulemusikken på besøk på SFO og der vart det god stemning! Skulemusikken hadde ein liten mini-konsert før dei inviterte alle som hadde lyst til å prøve ulike instrument. Det vart mykje aktivitet og lyd då det var om lag 10 stykker som ville prøve både eit og tre instrument. Ein veldig entusiastisk gjeng – me håper me vil sjå dei i skulemusikken etter kvart. Foreldra har fått skriv i Visma om korleis ein melder frå om ein har lyst til å starte. Ta kontakt med Monica Hermann (telefon 90635493) dersom de har spørsmål.
