Torsdag 12. februar kl 11:00 vil Åsmund Kåre Rørvik fortelja om dei store endringane i Husnesområdet frå industrireisinga starta i 1962. Dette er framhald av føredraget om Husnesområdet si historie Åsmund Kåre heldt i Senioruniversitetet hausten 2025.


Åsmund Kåre er fødd og oppvaksen på bureisingsbruket Lyngstad, garden som ligg mellom hovudvegen i Onarheimslio og Hydro. Han bur der og i dag som nær nabo til aluminiumsverket. Dette er noko av det vi får sjå og høyra om:


Først vil han visa ca 40 flybilete av, og fortelja litt om, alle heimar i området Løvvik/Aksnes, Longaneset, Øyranger, Risnes, Askedåso, Helland, Onarheim og ut til og med Bogsnes. Bileta er tekne av Fjellanger-Widerøe i mai 1962, før dei som budde her visste kva som skulle hende. 24 heimar og 4 fine hytter sentralt i dette området måtte frå-flyttast på kort varsel for deretter å
verta jamna med jorda.


Vidare tek han for seg tida frå 1962 og utover på 60-talet. Det starta med stor uvisse og utryggleik for mange med tvangsavståinga (ekspropriasjonar) av heimar og områder. Kvar skulle dei som måtte flytta byggja seg nye heimar? Deretter anleggstida med store fysiske endringar ved bygginga
av al-verket og infrastrukturen rundt det. Kva møtte dei som kom flyttande her til frå andre stader? Lokale og sentrale styresmakter si rolle i denne tida og fleire andre tilhøve.

Inngang: 250/150 for medlemer. Årspengar: kr. 300,-. Betal til konto: 3460.13.31545 eller VIPPS: 12834. Skriv namn og kva innbetalinga gjeld.

Tekst/foto: Pressemelding
Nett: Kristian Bringedal