Asfalteringa er venta å vera ferdig i dag.
Entreprenørfirma NCC legg asfalt frå Vågen i Herøysundet til Arnesenløa i Uskedalen. Oppdragsgjevar er Vestland fylkeskommune. Arbeidet er venta å vera ferdig i dag, tysdag 24. oktober. Etter klargjering og fresing er den etterlengta asfalten på plass. Vegen har vore trafikkregulert med ledebil og tilstøytande vegar er skilta. Alle må retta seg etter manuell dirigering. Asfalten kjem i skipslaster til Børneskaien frå blandeverket på Tau i Rogaland. I samtale vaktselskapt Sercuitas som dirigerer trafikken, kjem det fram at neste oppdrag er fylkesvegen i Herøysundet i traseen langs den nye gang- og sykkelvegen. Oppdraget i Uskedalen har gått etter oppsett plan. Det har vore god framdrift på arbeidet. Den mykje omskriven fartshumpen ved busslomma vert lagt på torsdag i denne veka. Det er også lagt nytt dekke i busslomma.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal