Asfaltering ved Helgheim i dag.
I dag vart det lagt asfalt ved Helgheim, ved inngangspartiet, på nedsida og på arealet på utsida mot brua, tilsaman 185 rutemeter. Før sjølve legginga tok ein vekk ugraset, planerte og la ny grus ved oppkøyrsla til handikapinngangen. Det vart lagt på eit lag med ei høgde på 5 cm. Det er gåve frå SpareBank 1- stiftinga Kvinnherad som vert brukt til dette tiltaket. Ny asfalt vil letta jobben med å halda det reint rundt Helgheim. På nedsida der det ofte samlar seg mykje vatn, er det no laga fall til kum.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal