Årsmøte til Uskedal idrettslag er før kunngjord på uskedalen.no. I tillegg til ordinære årsmøtesaker, vert det lagt opp til informasjon frå prosjektgruppa som jobbar med utviding av Aktivitetshuset. Det vert også presentasjon og godkjenning av ny arbeidsgruppe for tiltaket Gull av grus. Hugs at det er påmelding til årsmøte, dette for å halda smittevernreglane.

Saksliste

  1. Opning av årsmøte
  • Val av møteleiar og to til å skriva under møteboka
  • Godkjenning av innkalling og sakliste

2. Gjennomgang og godkjenning av årsmeldingar
3. Gjennomgang og godkjenning av årsrekneskap
4. Gjennomgang og godkjenning av:

  • Satsar for medlemskap
  • Orientering til årsmøte fra gruppa som jobbar med utviding av Aktivitetshuset
  • Presentasjon og godkjenning av ny arbeidsgruppe for prosjektet Gull av grus

5. Val av nytt styre
6. Diverse

Årsmøte skal mellom anna utpeika og godkjenna ny arbeidsgruppe for prosjektet Gull av grus. ( Arkivfoto )
Tekst: Styret
Foto/nett: Kristian Bringedal