Uskedal Historielag, skipa 14.02.2022, kallar inn til årsmøte fyrstkomande måndag kl. 17.00 på Stemneplassen. Årsmøte er kunngjort på uskedalen.no, Facebook og på e-post til alle som har det. Historielaget har eit styre på tre faste medlemer og tre varamedlemer. Biletet er frå eit medlemsmøte.

Laget har to arbeidsgrupper/ underutval. Det er skriftstyret og arkiv- og skannegruppe. Styret legg fram årsmelding og rekneskap. I tillegg er det melding frå underutvala om arbeidet som er gjort i 2023. Det vert også lagt fram arbeidsplan for 2024. Årspengane er kr. 200,-. Medlemene vert inviterte til opne møte med tema. Dei har også høve til å vera med på kurs med opplæring i skanning, fotobehandling og generelt arkivarbeid.

Velkomne til årsmøte komande måndag kl. 17.00 på Stemneplassen.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Arkivfoto