Det vert med dette gjort kjend at årsmøte i Uskedal Friluftslag er måndag 8. februar kl. 19.00 på Stemneplassen. I tillegg til ordinære årsmøtesaker vert det informert om oppussinga så langt og tiltak for å auka bruken i tida framover. Kvart av dei 10 medlemslaga har høve til å møta med to representantar på årsmøte.

Styret