Audun Eik frå Uskedalen har vore styreleiar i Kvinnherad Sogelag dei siste seks åra. På årsmøte, som skal vera laurdag 20. april på Sunde Kyst- og litteratursenter på Bergslagen, har Eik meldt frå til valnemnda at han ikkje tek attval i styret. Før formannstida hans var han skrivar nokre år. Frode Sæbø, også frå Uskedalen, er styremedlem og leiar for fotogruppa med ansvar for skanning og registrering. Bilete er frå årsmøte i Guddalstunet i fjor. Audun Eik til venstre. Frode Sæbø til høgre.

Sunde Kyst- og litteratursenter på Bergslagen, Sunde.

Kvinnherad Sogelag har 243 medlemer, fordelte på 161 enkeltmedlemer og 41 familiemedlemer. Årboka Kvinnherasminne kom ut i 2023 i eit opplag på 500 eks.

Fotogruppa har motteke gåve frå SpareBank 1- stifitnga Kvinnherad.

På årsmøte i morgon kl. 13 vil Kjell Magne Stråbø fortelja om arbeidet på Bergslagen, om husa og om arbeidet med å skapa eit kyst- og litteratursenter.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Arkivfoto