Det er ei kunngjering om at det er årsmøte i Uskedal Vassverk torsdag 27. mai kl. 19.00 i Gamleskulen. I tillegg til ordinære årsmøtesaker vert det orientering om nytt inntak i Eikeelva, ovom der inntaket er i dag. Det vert likeins orientering av ny ledning frå vassbehandlingsanlegget og ned til Fylkesveg 48 (500). Orientering om eit evt. inntak på Haugland er også sak på årsmøte. Bilete syner plassering av nytt inntak i Eikeelva.

Sakliste til årsmøte

1: Årsmelding frå styret
2: Rekneskap
3: Val av styre og valnemnd
4: Val av revisor
5: Auke i årsavgifta (5%)
6: Innføring av fakturagebyr frå 2022
7: Orientering nytt inntak Eik og ny
leidning ned til fylkesvegen
8: Orientering inntak Haugland
9: Eventuelle saker frå medlemmer

Når det gjeld saker som medlemmer ynskjer å ta opp på årsmøte så må dei vera styret i hende innan 18.mai 2021.


Sakspapira er tilgjengeleg i papirutgåve hjå Zjakk frisørsalong frå 11.mai.
Elektronisk versjon av sakspapira finn ein ved å gå inn på heimesida til
Uskedal Vassverket https://www.minorg.no/uskedal-vassverk
På grunn av dagens smittevernreglar så har Gamleskulen plass til 15-20
personar. Alle vert registrert ved frammøte.

Tekst: Styret
Foto: Henta frå konsulentrapport
Nett: Kristian Bringedal