Arnhild Myklebust slo ut alle dei andre som prøvde seg på hesteskokastinga på Stemneplassen i kveld. Bak henne på lista kom Henrik Lyse og Jens Jacob Haugland. ( Sjå bilete på topp ). Arrangøren hadde nok venta eit betre frammøte, men det vart på alle måtar ei triveleg stund med musikk, vedlotteri og allsong.

Tor Bjelland og Hans Gustav Mussland prøver seg i hesteskokasting.

Med redusert mannskap gjennomførte Uskedal Musikklag sitt progam. Det var sporty gjort. Rustne Menn er rustne, men skaper stemning og er godt likt av publikum.

Rustne Menn var som vanleg rustne, men skapte stemning

Nytt vedlotteri starta i kveld. Trekkinga vert på Lysmarsjen over Skårhaug i adventstida. kr. 4 500,- kom på konto alt fyrste salsdagen.

Det var skillingsbollar frå Baker Brun til alle, og det til og med gratis.

I kveld var Uskedal Musikklag eit band.
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Gunnlaug Eik/Kristian Bringedal