Arkiv- og kulturhistorisk gruppe startar haustmøta i kveld, måndag 6. september kl. 18.00.
Dersom du har interesse for lokalhistorisk arbeid, er du velkomen til Stemneplassen i kveld kl. 18.00. Då samlast Arkiv- og lokalhistorisk gruppe til fyrste møte i haustsesongen. Målet er å ha fokus på arkiv- og kulturhistorisk materiale i og frå Uskedalen. Gruppa vil registrera og systimatisera skriftleg tilfang og minnestoff som har allmenn interesse. Formidling er ein viktig del av arbeidet. Medlemene i gruppa vel sjølv om ein vil jobba i gruppe eller individuelt, eller om ein berre vil vera informant og dela kunnskap. Bilete syner nokre av medlemene i gruppa.
Arbeidet så langt handlar om:
- Oversikt over lag og organisasjonar i Uskedalen – særleg sikra arkivmaterieale frå nedlagde lag.
- Uskedal Idrettslag og Uskedalsdagane.
- Utvandring
- Livsminne frå dagleglivet – små og store hendingar.
- Krigsminne
- Samla og få registrert alle lokalproduserte tekstar.
- Farty frå Uskedalen – registrerte i merkeregisteret og andre register/ assuranseprotokollar.
- Foto – konfirmantar og skuleklassar
Så vert det jobba med å finna eit system for registrering fysisk og digitalt. I kveld er læringsøkta føring av tilvoksterprotokoll.
Vel møtt til samling i kveld kl. 18 – 20.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal