Arkiv- og kulturhistorisk gruppe er ei frittståande gruppe der alle med interesse for privatarkiv og lokalhistorisk materiale i og frå Uskedalen kan vera med. Etter oppstarten 22. februar har gruppa hatt fire samlingar og arbeidet er alt godt synleg med artikkelskriving, sikring og innsamling av arkivmateriale. I overkant av 20 personar har så langt meldt si interesse. Det er ikkje ein føresetnad at ein bur i Uskedalen for å vera med. Med digitale hjelpemidlar har ikkje bustadadresse noko å sei. Medlemene er fordelte på til no 10 temagrupper. Den siste gruppa med overskrifta Samferdsle, som kom til, vil få fram kunnskap om lokal samferdsle. Det kan vera om rutebåtane, drosjane, brødbilen, mjølkebilen og lastebilane. I denne gruppa finn vi Harald Sætre og Einar Gjertsen. Bilete syner Hans Ordin Østebø i læringsøkta om skanning.

Deltakarane er alle med i temagrupper. Det er også høve til å jobba individuelt, men alle deler kunnskap og erfaring.

Læringsøkta måndag for ei veke sidan handla om skanning. Han Ordin Østebø var instruktør. Han la vekt på korleis ein skulle få maks kvalitet i arbeidet med skanning, anten gjeld vanlege foto (svartt/kvitt eller farge) eller frå slides med bruk av overlys. Det ligg mykje slides på bygda med allmenn interesse og som ikkje er registrert, det same med 8 mm smalfilm. Hans Ordin brukte ein god skannar laga for føremålet. Lysbileta vert lagt i ei ramme på glasplata. Det lettar arbeidet. Han synte også innebygde funksjonar for støvbehandling.

Dersom du sit på kulturhistorisk stoff som har interesse for bygda, ta kontakt og du vert invitert inn i gruppa på neste samling, straks over nyttår i januar månad.

Det er oppretta eigen e-post og akivert Google lagringstid på kontoen. E-postadressa er: lokalhistorie.uskedalen@gmail.com

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal