Arkiv- og kulturhistorisk gruppe har til no vore eit uformelt forum og nettverk med fokus på arkivmaterieale og kulturminne i Uskedalen. Gruppa hadde fire samingar i 2021 og mykje godt arbeid er starta, fordelt på undergrupper. No er tida klar for ein noko meir formell status og organisering med innmelding og registrering i Frivilligregisteret i Brønnøysund.

Skipingsmøte vert måndag 14, februar kl. 17.30 på Stemneplassen. Fram til møte skal det lagast organisasjonsplan med målsetjing og vedtekter.

På samlinga i kveld vart ein samde om å peika ut ei redaksjonsgruppe som skal jobba med formidling og publiering. Mange artiklar er alt klare og det kan enda opp med bok eller ei artikkelsamling i hefteform. Det meste handlar om folkeminne der tidsvitne fortel frå lagslivet og frå spesielle hendingar i bygda.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal