I dag har det vore cup på Kunstgrasbanen for dei minste borna. Det er årets siste cup. Systemet med mindre avgrensa banar, som ein ballbinge, er prøvd ein gong før i Uskedalen, på Heiocup før sommarferien. Arrangøren med Isabell Stensletten som leiar er godt nøgd med gjennomføringa. Kiosken i fotballbua vart styrt av jenter frå J11 laget. Det er fyrste gongen ein prøver med kiosksal i bua og det fungerte fint. Les meir om organisering og gjennomføring:

Baneavgrensingae er lånte frå Rosendal. No vil Idrettslaget kjøpa eigne banar.

Det er 3 spelarar inne på banen frå kvart lag. Dersom det eine laget leiar med 4 mål, så får det laget som ligg under, ta inn ein ekstra spelar. Omgangane er på 2×10 min. Uskedalen hadde to lag med, eit gutelag og eit jentelag. Totalt var 90 born i aktivitet.

Uskedal Idrettslag låner dette utstyret frå Rosendal. Uskedalen vil sjølve gå til innkjøp av banar, men det er fire månader ventetid. Fotballgruppa takkar alle for god innsats, – styret, frivillige, J11 laget og foreldra deira.

Tre spelarar frå kvart lag stiller på banen. Dersom eit lag ligg under med fire mål, får ein ta inn ein ekstra splear.

Ingvild Tvilde (f.v.) og Vilde Helgensen i kiosken. Med seg hadde dei også: Jenny Simensen Haugland, Emmie Musland, Synne Tofte Guddal.
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Isabell Stensletten/ Kristian Bringedal