Årets namn - Per Korsvold går vidare til finalen.
Per Korsvold er ein av tre kandidatar som går vidare til finalen i Grenda si kåring av Årets namn. Per vart nasjonalt kjend då han sykla Uskedalen – Lyon etter at han tapte eit veddemål med dottera. Innsamla midlar gjekk til Barnekreftforeninga. Av yrke er han pilot. I sommar hadde han eit oppdrag i Gålåspelet der han med sjøfly flaug sjølvaste “Peer Gynt” fram til Gålåvatnet og framsyingsplassen.
Slik røystar du. Skriv namnet og bruk ein av desse metodane. Fristen er innan torsdag 19. desember
- E-post: Post@grenda.no
- Telefon: 53 48 71 00
- Internett: Bruk skjema på Grenda si heimeside
- Post: Send slippen i Grenda til pb 100, 5486 Rosendal
- Ved personleg frammøte i redaksjonen
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Arkivfoto