Kvinnherad kommune inviterte til prisutdelingar i kveld på Rosendal Fjordhotell, kulturpris, frivilligpris og kulturstipend for 2025. I grunngjevinga for tildeling av frivilligprisen til Tormod Olav Myklebust frå Uskedalen les vi:

Ordførar Vegard Bjørnevik saman med f.v. Tormod Myklebust ( Frivilligprisen ), Emma Røyrvik Olderkjær ( Kulturstipend ) og Øystein Skaala ( Kulturprisen ).

Kvinnherad kommune har gleda av å tildela Årets frivilligpris til Tormod Olav Myklebust, som gjennom nesten to tiår har utvist ein usedvanleg innsats for menneske i naud. Sidan 2008 har han lagt ned eit omfattande og heilt frivillig arbeid for å samla inn, organisera og sjølv frakta hjelpesendingar til fattige og krigsråka område i Ukraina. Tormod har vore ein sentral drivkraft i THK-stiftinga (Tru, håp og kjærleik), der han år etter år har bidrege til at klede, sko, sjukehusutstyr, ambulansar, brannbilar og anna viktig utstyr har nådd fram til dei som treng det mest.

Ein stor del av desse ressursane er samla inn her i Kvinnherad, der Tormod har vore ein motivator og pådrivar som har evna å engasjera og mobilisera frivillige til å bidra med innsamling, organisering, lasting og levering fleire gonger kvart år. Gjennom si sterke evne til å skape tillit og samarbeid, har Tormod også knytt gode band til næringslivet, som har bidrege med store mengder verdifullt utstyr og materiell.

Med sitt engasjement har han gjort det lett for bedrifter å delta i noko meiningsfullt, og han har vist kor kraftfullt det frivillige arbeidet kan bli når lokalsamfunn og næringsliv står saman. Tormod Olav Myklebust har gjennom sine mange turar til Ukraina, vist ei medmenneskelegheit som går langt ut over det vanlege. Han har sett andre sitt beste framfor sitt eige, og han har vore ein trygg og trufast berebjelke for både stiftinga og mottakarane av hjelpa.

Tormod Olav Myklebust får Årets frivilligpris i Kvinnherad kommune for sin ekstraordinære innsats, sitt store hjarte og sitt langvarige humanitære arbeid. Han er ein sann representant for frivilligheitens kjerneverdiar og eit førebilete for oss alle. 

Tekst: Grunngjeving for tildeling av Frivilligpris 2025
Foto: Grenda
Nett: Kristian Bringedal