Kvinnherad Sogelag hadde bokslepp i Uskedalen i kveld. Årboka Kvinnhersminne nr. 21 er i sal og medlemene har motteke boka på døra. Knappe 160 sider og 21 artiklar med lokalhistorisk stoff, henta frå mange bygde. Det handlar mellom anna om kvinner på anleggsarbeid, ei kjærleikssoge, kalkbrenning på Hidle og ikkje minst Audun Eik sin artikkel om avlsarbeid og foreningsstuten. Synneva Stuland og Sigmund Spelkavik skriv om Arne Stuland, lærar og bygdebokforfattar. Stuland hadde sin fyrste lærarpost i krinsen Haugland og Musland i Uskedalen. Frode Sæbø, også frå Uskedalen, skriv om Halsnøen Trevarefabrikk på Halsnøy. Eit eige tema omhandlar naust og sjøbuer. Mange minnest og kjenner seg godt att i Aasmund Kåre Rørvik sin artikkel om popgruppa The Bootsjacks, mellom anna frå dansane i Helgheim på 1960 og 1970 talet. Styret i Kvinnherad sogelag er skriftstyre. Lars Jostein Rørvik er skriftstyrar. Bilete på topp syner dei av forfattarane som var med på boksleppet. F.v: Morten Nygård, Aasmund Kåre Rørvik, Frode Sæbø, Sigvald Robberstad, Audun Eik, Sigmund Spelkavik, Synneva Stuland og Lars Jostein Rørvik ( skriftstyrar ).

Mellom 20 og 30 personar møtte fram til boksleppet i kveld.

Ei anna viktig arbeidsoppgåve i sogelaget er fotovern, – innsamling, skanning og registrering av foto. Arbeidet vert gjort i samarbeid med Vestland Fylkesarkiv med base på Leikanger i Sogn. Ei utvida fotogruppe med eit titals personar gjer jobben på Stemneplassen i Uskedalen og i Bergslagen på Sunde. Med gåve frå SpareBank 1-stiftinga er det kjøpt inn skanner og anna fotovernutstyr. Lars Kallevik er fagleg ansvarleg. Det skal på sikt bli eit søkbart arkiv. Fotogruppa treng foto av allmenn interesse til låns.

Frode Sæbø og Lars Kallevik er sentrale personar i Kvinnherad Sogelag sitt arbeid med fotovern.

Uskedal musikklag opna boksleppet med fengjande korpsmusikk.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal