Årbok 3 - Den nære fortida er komen i hus. Klar for presentasjon og sal komande sundag kl. 16 i Helgheim.
Uskedal Historielag er klare for å lansera den 3. boka i serien «Den nære fortida». Det skjer på boksleppfest i Helgheim førstkommande søndag. Det blir etter same leist som i fjor. Grunnen er enkel! Det var særs vellukka med fullt hus og musikk, mimreprat, mat og blaing i bøker. Ja, god Helgheimstemning!
Programmet opnar med ein liten avdeling med underhaldande musikk av Uskedal Musikklag før arbeidet med og innhaldet i boka blir presentert gjennom at Kristian Bringedal har ein samtale med skriftstyret. Som ein avslutning på denne delen blir originalane i Uskedalen presentert ved hjelp av ei relativt eksklusiv songgruppe som opptrer sjeldan, og berre i store anledningar.
Etter dette er det klart for lappar, kaffi og saft på småborda. Medan den gode drøsen går, vil boksalg og henting av førehandskjøpte bøker starta. Her er det verd å nemna at historielaget slår til med eit kanontilbod. Frå restopplaget blir både bok 1 og bok 2 selde til halv pris, 150 kroner, denne dagen så her er det mogeleg å gjera gode gåvekjøp.
Etter kvart som ein får bøkene, byrjar å bla i dei og studera alle dei kjekke bilda, vil To Rustne Menn entra podiet og toppa stemninga med underhaldande song og musikk. Dei to første bøkene i serien har blitt særs godt mottekne, og etter førehandssalet å døma, vil den 3. boka bli minst like populær.
Skriftstyret er veldig fornøgde med resultatet. Den har også betydeleg fleire sider enn dei to første, og bildetilfanget er svært interessant. Den startar med historia til 5 overnattings- og serveringsstader. Vidare får vi eit kjekt innblikk i livet på Skorpo med utgangspunkt i Haktorstunet. Fjell-
livet ved Mannsvatnet i 40-70-åra og Strandstafetten som sette sitt preg på 1.mai i bygda i meir enn 25 år, får fyldig dekning. Det er kraftverkshistorie, vassverkshistorie, Påla-Larsen si betydning for skogsdrift, og vi kan lesa om den enorme og optimistiske dugnadsviljen til karane som skulle byggja veg frå Øvre Musland til Matre med berre handamakt og hest. Ein skulestil om 17.mai-feiringa for 110 år sidan er det også plass til før boka blir avslutta med den mest omfangsrike artikkelen. Den er om den viktige hermetikkindustrien i Beinavikjo. Her får vi vita om histora til både
sildoljefabrikkane og hermetikkfabrikken henta frå både munnlege og skriftlege kjelder. Livet på og rundt Tippehuset er og godt dekka. Har de tenkt på kva det har hatt å seia for folketalsutviklinga i Uskedalen? Mange uskedalsgutar fann kona si der! Den tragiske slutten med millionbrannen i 1962 er godt dekka mellom anna ved hjelp av den fyldige dekninga Grenda hadde av den 50 år etterpå i 2012.
Artikkelforfattarar i boka er Astrid E. Haugland, Pål Haugland, Torkel Stensletten, Anne Karin Fonneland, Thor Inge Døssland, Dag Hermannsen, Ståle Eik, Sivert P. Haugland og Svein Rimestad. Øyvind Sture har teikna, og mange har hjelpt til med bilde og anna. Utforminga av boka har Åslaug Snilstveit i Salikat Design i Rosendal stått for, medan LOS Digital AS i Larvik har trykt den.
På boksleppet i Helgheim søndag får de høyra meir om både innhaldet og arbeidetmed boka. Velkomne!
Uskedal Historielag
Tekst: Pressemelding Foto/nett: Kristian Bringedal