I denne veka starta arbeidet med opparbeiding av turveg på Uskedal Friluftslag sin eigedom i Skårhaug, også kalla Stemneplasen. Haugland Maskin gjer maskinarbeidet. Styret og medlemer i Dugnadsgruppa er med på klargjering og rydding. Målet med arbeidet er å auka bruken ved å letta tilskomsten for alle, uansett funksjonsnivå. Eit anna mål er å letta drifta av plassen med rydding og skjøtsel. Turvegen vert, så langt det let seg gjera, universielt utforma og skal dermed kunna brukast også av rørslehemma og av dei med barnevogn og rullator.

Bilete syner tilkomsten frå enden på vegen i bustadfeltet Skårhaug sør

Turvegen går stort sett i den gamle traseen, der det ein gong var ein tursti frå scenen/amfiet mot toppen på Skårhaug. Nokre parti har stigning som gjer at det må vera råd å koma inn i område frå tre naboar/grunneigarar. Det vert ikkje sprengd, men funne framkomst i lende. For å gjera arbeidet effektivt, vert det førebels brukt ein stor maskin. Når ein går tilbake vert breidda på turvegen om lag 1,5 meter. Det vert laga ein kort stikkveg fram til gapahuken. Alt vert planert og stelt fint til.

I reguleringsplanen for bustadfeltet Skårhaug sør er det teikna inn tilskomst til friområde på Stemneplassen. Det var Tufteland som i 1998/99 laga reguleringsplanen på oppdrag frå grunneigar Hans Reidar Kjærland. Det er denne traseen som no vert brukt på eit av påkoplingspunkta.

Grå farge på reguleringsplankart ( mellom gult og grønt ) syner at det er tenkt tilkomst til friområde i Skårhaug.

Styret i Uskedal Friluftslag har søkt og det er løyvd midlar frå SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad til dette føremålet. Arbeidet i denne omgang vert gjort så langt midlane strekk til. Det er rekna inn ein stor dugnadsinnsats.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal