Etter klargjering måndag i denne veka er arbeidet med ny vassledning frå Sørestølen til fylkesvegen starta. Arbeidet vert utført av Hæhre Entreprenør AS ved K. Hjelmeland. Røyrleggjar er Johansen Rør AS. Alt i fjor haust vart det lagt ei strekke på om lag 150 meter ned svingane på den kommunale vegen. Eikevegen er stengt. Omkøyring er via Padlaporsen. Vegen er rusta opp og skal nyttast av dei, som bur i område, i anleggsperioden. Det skal også vera framkomst for naudsynt trafikk, som til dømes for naudetatane.

Arbeidet med ny vassledning tek til nede ved fylkesvegen.

No skal det leggjast 252 meter frå svingen og ned til fylkesvegen. Dette arbeidet vil bli i samarbeid med Kvinnherad kommune som ynskjer å leggja ny overvassleidning langs den kommunale vegen og ned til fylkesvegen.


Det vert også lagt ny vassledning langs privat veg i eksisterande grøft, 352 meter opp til behandlingsanlegget. Her må også dei som bur langs denne vegen, rekna med stenging i periodar. Den gamle leidningen frå behandlingsanlegget og ned til fylkesvegen på Nedre Feet vert fasa ut. Det vert difor laga ei mellombels løysning for dei sju bustadene som ligg i dette området.

Arbeidet er alt godt synleg i den nederste delen av Eikevegen.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal