Anne Karin Fonneland er ute med ny bok. Tittelen er Olav Hauge og trea – om å sjå naturen – og klimakrisa no ! Mor til Anne Karin, Anna Haktorsdtr. Skorpen, gift med Sverre Havnerås, kom frå tunet Oppe i Skorpo, ofte kalla Tunet i det blå, etter tittelen på H. Lavik si bok. Ho var tante til Johannes Hauge, syskenbarnet til Anne Karin. Ei forteljing i boka handlar om Anne Karin sine opplevingar av å vera på Skorpo i barndomen. Les kva forlaget skriv om boka.

Økosystemet me inngår i, er truga. Olav H. Hauge såg dette tidleg, noko forfattar Anne Karin Fonneland byrja skriva om etter å ha vorte uroa å sjå Folgefonna frå hagen i Hardanger. Historia til Fonneland er tankevekkjande, fengslande og viktig.

Årstidene i Hardanger er blitt annleis; ikkje mykje, men merkbart. Endringane er synlege både for bønder som lever av jorda og for dei som lever med og i landskapet. Over fjorden skin den mektige Folgefonna. Breen har fått eit grått skin. Men kva er naturleg variasjon og kva skuldast klimaendringar? Klimaforskarar skildrar gradvise økologiske endringar. Kva som er normalt i naturen, er i endring. Kva språk har me for desse små, konkrete endringane?

Ei forteljing i boka er henta frå opplevingar forfattaren hadde i barnedomen frå dette tunet.

I denne boka tek Fonneland lesaren med inn i eit vakkert landskap, for mange kjent som den biletskjønne nasjonalromantikkens tablå: plommer, bløming og turisme. Me får vera med på pleie av epletre og høyre om fellesskap knytt til trea. Trea har sett djupe spor i kultur og arbeidsliv, i handverk, mytar og diktekunst. Dette er ei bok om denne kulturen med sine mangfaldige sjikt av meining og levd liv. Det handlar om personlege minne, sansingar og opplevingar, kombinert med nære lesingar av Olav
H. Hauge sine dikt og dagbøker.

Fonneland minner om at Hauge såg tidleg at menneska ikkje berre inngjekk i harmoni med naturen, men skapte kritisk ubalanse over tid. Ho skildrar korleis det å ha eit nært forhold til og omtanke for naturen, er blitt noko samansett, av og til plaga. Me ikkje berre ser på naturen, men er sjølv del av den.

Anne Karin Fonneland (f. 1956) er frå Sunde, der ho også bur i dag. I 1996 debuterte ho med diktsamlinga Marmormjølk. Denne og fleire seinare samlingar har alle hausta gode kritikkar. I tillegg til litteratur for born (seinast i 2017), kom ho med debutromanen Apalgard i 2014.

Boka kan tingast frå forlaget eller på vanleg måte hos bokhandlarane.

www.efremforlag.no eller ring : 905 37 800

Framsida av boka på Efrem forlag.
Tekst: Kristian Bringedal/ bokmelding frå forlaget
Foto: Grenda/ Kristian Bringedal
Nett: Kristian Bringedal