Ann Irene Sæle - ny styrar i Myrane barnehage på Husnes. Gry Måkestad Smith overtek hennar jobb i Uskedalen.
Ann Irene Sæle er tilsett som ny styrar i Myrane barnehage på Husnes. Myrane barnehage er den største kommunale barnehagen i Kvinnherad med 120 barnehageplasser. Ann Irene tek til i den nye jobben 15 august. I ein overgangsfase vil ho delvis vera i Uskedalen, mellom anna på planleggingsdagen. Ho skal også vera med på opplæring av rektor og ny styrar. Etter det skal Ann Irene vera mentor for leiinga i Uskedalen
Gry Måkestad Smith er tilsett som ny avdelingsleiar/styrar i Uskedalen barnehage. Ho vert ein viktig del av leiinga av Uskedalen oppvekstsenter saman med einingsleiar/rektor Odd Steinar Arnesen.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Privat