Anita Enæs er nyvald leiar i Uskedal ungdomslag. Med seg i styre har ho: Britt Stensletten, Hildegunn Klette Hansen, Janne Yri, Antte Sund, Kenneth Stensletten og Jonny Hansen. Ansvarleg for utleige: Hildegunn K. Hansen. Vaktmeister: Trond Olsen. Arbeidsåret 2020 har vore prega av korona og nedstenging. Likevel har ungdomslaget iverksett gode tiltak, mellom anna med oppgradering av Helgheim.

Det er nok å nemna:

  • Salen oppe er målt og golvet er slipt og lakka
  • Nye ljos over vidaugo
  • Gangen er målt
  • Skifta kledning på eine kortveggen, isolert og skift vannbord. Taket er utbetra. Noko av dette arbeidet er gjort i 2021.
  • Det er rydda på sminkerom og bakrom
  • Mykje av arbeidet er gjort med innleigde firma, men styret har også stått på og gjort sitt til at Helgheim framstår i betre stand enn på lenge.

Mangeårig kasserar, Lovise Herland Sunde, døydde 10. september 2020. Det var eit stort tap for ungdomslaget. Ho har vore rekneskapsførar og ansvarleg for søknader og rapportering. Britt Stensletten fører vidare dette arbeidet i dag.

Bingogruppa hadde 9 bingoar fram til nedstenging i mars månad. Med i Bingogruppa er: Audhild Lie, Karin Tungesvik, Anne Karin Myhre, Inger Naterstad og Milfrid Draugsvoll. Jan Tore Johnsen og Frode Andreassen har delt på å lesa tal.

Melding frå Hyttestyret kjem som eige innlegg. Det same gjer innlegg om Rigmor Rasmussen, den lengst sitjande leiar i ungdomslaget nokon gong.

Isolering og ny bordkledning på kortveggen mot sør.
Tekst/nett Kristian Bringedal
Foto: Privat/ Kristian Bringedal