Andreslåtten er starta. Før var namnet håslåtten, men no er det slik at det truleg vert ei tredje hausting. Kva kallar vi det då ?. Mykje regn og våte bakkar gjer at mange har venta med 2. slåtten. Nokre fine dagar, bortsett frå styrtregnet, gjer at nokon nytta tida i helga med å koma seg utpå med grasberging. Det er på faktisk høg tid nokre plassar. Graset har lett for å rotna i rota. Dermed er kvaliteten redusert. Trond Johannes Myklebust var godt nøgd med haustinga i dag. Han reknar med å pakka nær på 50 ballar på Myklebust. I tillegg kjem alt på Kjærland, både på eige areale og på leigejord.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal