Haustmarknaden i regi av Uskedal Utvikling vart gjennomført etter oppsett plan. Ruskeveret og stormen Amy i natt la ingen dempar på arrangementet, trass ei forenkling ved at alt vart lagt til Gamleskulen, oppe og nede. Ei oppteljing syner at det var nær på 20 standar, alt medrekna – stort og smått. Ungdomsklubben i ungdomslaget hadde lykkehjul – sjå bilete på topp.

Uskedal Historielag sin stand med boksal, boktinging og medlemsverving.

Russen sytte for at det var kafe med mykje god mat i disken. I kjellaren var det underhaldning med song og trekkspelmusikk. Uventa dukka det opp ein farmar frå staten Wisconsin i USA. Saman med kona si var han på besøk hos tremenningen sin, Inger Elise Helgeland. Han bad om å få låna ein gitar og dermed var western musikken igang med kjende låtar mellom anna av Willie Nelson. Meir om farmarane kjem i eige innlegg.

Øystein Skjæveland i Isrosa selde is, vedsekk, og ullproduserte ting.

Haustmarknaden i dag fører truleg til at ein gjer det same fredag 28. november ved tenning av Julegrana. Alle som var med på stand i dag, vil få invitasjon.

Eik Gard med honning og eplemost.
Vally Miljeteig frå Sjøvangen selde lefser og heimebakst.
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Kristian Bringedal/ Jofrid Eik