
Amerikabesøk i Jubileumsåret 2025.
Det er 200 år sidan den fyrste utvandringa frå Noreg til Amerika. Jubileet vert markert i Uskedalen med seminar 30. august og bok i oktober. Men før det dukkar det opp Amerikabesøk. Tysdag i denne veka kom ei gruppe til Mari-Ann og Tormod Myklebust. Det var Myrle Bruner frå Astoria, Oregon, barnebarn av Knut T. Myklebust, Longview, Wash. Knut var bror til Amund T. Myklebust, bestefar til Tormod. Myrle hadde følgje av dotter Amy og son Eric med ektefelle Christine, og son deira Aeron.

Mari-Ann og Tormod tok gjestene med på rundtur i Uskedalen, mellom anna med stopp på Haugland skulemuseum. Seinare i veka kjem eit nytt fylgje. Det er etterkomarar frå dei som reiste frå nedre Musland. Hans Gustav og Kjell Musland er vertsskap og vil ta gjestene med til heimetunet på Musland. Dei vil også innom skulestova på Haugland.
Så langt vi kjenner til, kjem det også Amerikabesøk til Annlaug Rød på Rød.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Tormod Myklebust