Amalie Røstbø frå Uskedalen/Sunde er ny dagleg leiar i Galleri G Guddal. Amalie med mor frå Uskedalen og far frå Sunde vaks opp og gjekk på skule i Uskedalen. Ho er inne i sluttfasen av ein master i samtidskunst – Kunsthistorie ved Universitetet i Bergen. No kjem ho tilbake i Kvinnherad for å jobba med kunst. Det er langt mellom kulturarbeidsplassene i distrikta så det er stas å ha jobba fram ein slik moglegheit.

F.v: Amalie Røstbø saman med sambuar Daniel Ekerhovd og Gøril Guddal.

Gøril Guddal fortel at ho vert buande i tunet og vil halda fram med malekursa og andre arrangement oppe på låven. Programmet for 2026 er klart:

Meir info om påmelding og billettar kjem snarast – saman med Amalie Røstbø.

Tekst: Redigert frå Facebook - Galleri G Guddal
Foto: Morten Nygård - Grenda
Nett: Kristian Bringedal