Det er eit år sidan terrorangrepet i Oslo der to personar vart skotne og drepne. Årets PRIDE gjer difor alt for å skapa tryggleik og tru på at det nyttar å stå opp for dei skeive. Det er alvor og for mange ubehageleg å leva med hat og trugslar i kvardagen. Dette kom mellom anna fram i appellen til Alexsander Papas, 22 år, frå Stord, samfunnsengasjert lærarstudent. Synnøve Handeland sa i sin appell at i små og store fellesskap er det viktig at vi har fokus på og snakkar om OSS, ikkje Dei og Oss.

PRIDE toget på veg opp lags elva.

Frammøte i Uskedalen laurdag var betre enn venta. Wermund Vetrhus leia markeringa saman med Jorun Larsen. PRIDE toget gjekk via Båthamna, campingen, sentrum og tilbake til vertshuset Perla. Politiet var synleg tilstades både i sivile og uniformerte bilar.

Sentrale personar i PRIDE markeringa i Uskedalen laurdag. F.v: Synnøve Handeland, Jorun Larsen og Alexander Papas.

Beste antrekk gjekk til Malin Ersland Bjørgen frå Sandvoll ( Jfr. bilete på topp ). Rosendal skulekorps vart trekt ut og vart tildelt kr. 2.000,- for deltaking. Sparebanken Vest, 200 år, spanderte kaffe og kake.

Alt i eitt: Det var ei verdig og innhaldsrik PRIDE markering i Uskedalen, i godt samarbeid med Festidalen og Humanetisk Forbund. Orføraren fekk ros for bruk av PRIDE flagget på Rådhuset.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal