Alt går etter oppsett plan med den store konserten saman med Bjarte Leithaug, laurdag kl. 17.00 i Uskedal kyrkje, Måndag i denne veka var den siste øvingar før songarane samlast i Uskedalen i morgon til ein siste gjennomgang i forkant av sjølve konserten. Nær på 30 songglade born frå ulike sundagsskular er påmelde. Det er Singing Tweens frå Uskedal sundagsskule som er arrangør. Emmie Musland og Aurora Sofie Guddal Tarberg, begge 11 år, skal leia konserten. Dersom du er i denne aldersgruppa og ynskjer å vera med, er det ikkje forseint. Møt fram til øving i kyrkja laurdag kl. 14.30.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Privat