Siste tirsdagen i kvar månad er det ei fast allsongøkt på ein halv time frå klokka 12 og utover på Kafè Tiaren. Dette er svært populært! Vanlegvis er det trioen Rustne Menn som styrer økta med song, trekkspel, gitar og bass. Denne tirsdagen var to tredjedeler av trioen forhindra i å stilla, men det stoppa ikkje allsongen. Med Kristian Olav Bringedal og trekkspelet hans var dette i dei tryggaste hender. Han troppa opp med kjende og kjære allsongar, og kaf“egjestene song svært godt med.

Det var mange gjester og god song.

Økta starta med “Hjem, hjem kangt mot nord”. Deretter fortsette det med “Nidelven”, “No kjem ein vals”, “Bind deg ein blomekrans”, “Når lysene tennes der hjemme”, “Når det blomstrer i Hardanger” og ein ny Johannes Kleppevik-song “Striladans” før songøkta blei avslutta med same song som dei starta med. Alle kjende og kjære songar som gjestene sette tydeleg pris på å syngja med på.

Serveringa var som alltid av god klasse. Det var både vaflar, gulrotkake og rundstykke med assortert pålegg. Alt med unnatak av kaffien kosta 20 kr, medan kaffien fekk vi for ein tiar. Besøket var bra, og deriblant var ei turgruppe med damer frå indre luten.

Neste allsongøkt blir siste tirsdag i mai, og då er truleg Rustne Menn fulltallige. I tillegg skal vi ikkje sjå bort frå at det blir ei allsong- og musikkøkt med Kristian & Bandet før sommaren.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland