Laurdag 31. juli kl. 13.00 er Rustne Menn frå Uskedalen på plass ved Huglabutikken på Huglo med sitt årlege allsongprogram. Ruth Venche Taranger, med farsslekta si frå Uskedalen, er dagleg leiar for Huglabutikken. Ho er aktiv med å tilretteleggja for kulturelle og sosiale samvær på Huglo. Allsong på kaien fyrstkomande laurdag er det tredje arrangementet så langt i sommar.

Rustne Menn med Tore Nordahl-Pedersen ( bass ), Svein Rimestad ( gitar ) og Kristian Bringedal ( trekkspel ) spelar og syng i to avdelingar. Tekstane er samla i eit eige hefte, som publikum anten kan låna eller kjøpa for ein rimeleg pris.

Ein time før allsongen arrangerer Idrettslaget på Huglo motbakkeløpet Varden Opp.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Ronny Pedersen