Der var meir folk enn nokon gong på Vonheimbasaren. Til og med galleriet vart teke i bruk. Song høyrer med i Vonheim. Songane “Hu hei kor er det vel friskt og lett ” og “Vem kan segla for utan vind” ljoma godt i det tradisjonsrike forsamlingshuset. Alt av årar og lydlodd gjekk ut, også mesteparten av loddbøkene.

Til og med på galleriet var det folk.

Kaffi, kaker og god drøs høyrer med på basar. Den populære basaren samlar folk frå fleire bygder. Mange med oppvekst og slekt i krinsen nyttar høve til å møtast.

Basaren gav eit resultat på kr. 33 300,-. Det er sterk auke frå året før. Inntekta går til drift og vedlikehald.

Mange fine gevinstar på bordet.
Tekst/ntt: Kristian Bringedal
Foto: Møyfrid Kristoffersen