KB og blåsebandet leiar an i allsongen førstkommande tirsdag.

Tirsdag f.k. frå kl.12 og omlag ein halv time utover vil allsongen runga på Kafè Tiaren igjen. Denne gongen er det ikkje Rustne Menn som leier dette populære innslaget, men ein gjeng blåsarar frå Uskedal Musikklag og ikkje minst forsongaren Kristian Bringedal. Denne allsongstunda blir spesiell. Eit nytt song hefte som musikklaget har fått trykt med støtte frå Sparebankstiftinga, blir brukt for første gong.
Heftet innheld 50 gode og kjende allsongar pluss bandet sin bonussong. Mange av desse har ikkje hatt gode allsongarrangement med blåseband før, og derfor har bandet fått spesialarrangert om lag 20 av songane i heftet. Nokre fleire blir nok arrangert i nær framtid. Desse musikkarrangementa er det Bjørn Aakre og tidlegare dirigent i musikklaget Per Olav Paulsen som har stått for, og dei fungerer godt til song.
På tirsdag vil det bli eit variert på program der kjende songar av m.a. Gluntan, Alf Prøysen, Johannes Kleppevik og Kurt Foss og Reidar Bøe. Eit par friske intrumentalnummer blir det truleg plass til.
Allsongstundene på Kafè Tiaren pleier å vera veldig kjekke med godt frammøte. Det er sosialt fellesskap på sitt beste! God drøs, kaffi, kaker og rundstykke gjer den gode stunda komplett! Vel møtt!

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland.