På den siste gåveutdelinga frå SpareBank 1-stiftinga vart Idrettslaget tildelt kr. 100 000,- til prosjektet Tak øve hove. Dersom alt ordnar seg med løyve, vil Uskedal Idrettslag setja opp eit skur nede ved rulleparken. Her kan folk opphalda seg under tak og i ly mot vær og vind. Per Korsvold i arbeidsgruppa trur dette kjem godt til nytte både for dei yngste, men også for dei som køyrer borna til trenignar, kampar og andre aktivitetar i Aktivitetsparken. Bord og benker kjem på plass både inne og på utsida. Det er også planar om å setja opp innbytarbenker med tak ved kunstgrasbanen. Den økonomiske ramma avgjer kor langt ein kjem. Dersom nokon vil vera med i arbeidsgruppa og bidra i arbeidet, ta kontakt med Per Korsvold. Serien frå gåveutdelinga held fram. Fylg med !

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal