Alice Roseth Helleberg er nominert til Årets rollemodell.
Alice Roseth Helleberg med besteforeldre i Uskedalen er nominert til Årets rollemodell. Alice og mannen hennar er er fiskarar. Ho er styreleiar i stiftelsen Hun fisker i tillegg til å vera den fyrste kvinnlege nestleiaren i Kystfiskarlaget. For ei tid sidan var ho med i Debatten med Fredrik Solvang. Tema var kvinner i arbeidslivet, kjønnsroller og tidsklemma mange opplever med barn i skule og banehage og ofte i ein krevjande jobb. Dei er kvart år med på torskefiske i Lofoten eller på Finnmarkskysten. I år skal dei nordover med tre fiskebåtar.

Årets Rollemodell i regi av HER Awards er ei nasjonal prisutdeling, mellom anna for å løfta kvinner og verksemder som skaper reelle verdiar gjennom leiar- og eigarskap på tvers av bransje og geografi. Dei nominerte skal vera eit førebilete for å inspirera andre gjennom integritet, handling og evne til å visa veg for både menneske og samfunn.
Prisen vert delt ut under HER Conference & Awards på Ullevål Stadion i Oslo 27. april 2026. Bak HER Awards finn vi mellom anna namnet Cecilia Brækhus. I fjor mottok HER Awards over 2 000 nominasjonar og meir enn 67 000 publikumsstemmer. Dette gjer at prisen er ein av dei største i sitt slag i landet.
Det er fyrste gongen ein yrkesfiskar er nominert til denne prisen.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Presse/skjermdump frå Debatten NRK1