Bjørn Moe slepper sin 5. singel i dag.

For eit år sidan debuterte den tidlegare trommisen Bjørn Moe i Nedre Halsabråtet med sin første singel THE BOOK i ein alder av 55 år. Ja, eg skriv tidlegare trommis sjølv om trommesettet framleis er hovudinstrumentet hans, for siste året har han vist at han er ein eminent vokalist med klar og vakker barytonrøyst og ein multiinstrumentalist som beherskar mange ulike instrument. I tillegg har han uvanlege evner som låtskrivar, både tekst og musikk.
Mange blei imponert etter debuten i fjor, og etter det har han sendt ut 4 nydelege låtar på rekkje og rad. Den 5. singelen, THIS PLACE CALLED LOVE, som er ein flott hyllest til kjærleiken, blir sleppt i dag. Eg er så heldig at eg har fått lytta til den på førehand, og eg er blitt svært glad i låten. Eg har også spelt den for andre, og dei er like overstrøymande i vurderinga. Det blir ein klar seksar på terningen frå denne tubaisten! Eg oppfordrar alle som likar god musikk til å lytta til THIS PLACE CALLED LOVE og dei andre låtane Bjørn Moe har gitt ut.
Her kan de klikka dåke inn og nyta THIS PLACE CALLED LOVE.

Sjølv om Bjørn Moe ordnar det meste både av instrumental og vokal sjølv, har han svært dyktige folk med seg. Vi tar med lista her:

Lead vocal – Bjørn Moe
Backing vocal – Gina Aspenes (Gina Music) / Kristin Bergsvik
El-guitar – Thommas Schønberg
Drums, bass, piano – Bjørn Moe
Producer – Eirik Grønner
Recorded at Demningen Studio
Mastering engineer – Ryan Smith,
Sterling Sound
Video design – Mokka Design

Utpå nyåret kjem Bjørn Moe med sitt første album, men før det er det endå eit singelslepp.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Cover: Mokka Design, Monica Hansen.