Kvinnherad frivilligsentral set i gong aktivitetstiltak for å motverka einsemd hjå eldre. Målet er å raskt leggja til rette for auka aktivitet i målgruppa under den pågåande koronasituasjonen. Målgruppa er seniorar og eldre som bur i eigen heim eller omsorgsbustad. Vi ynskjer på ein enkel og ubyråkratisk måte å leggja til rette for at eldre kan få hjelp og støtte til gjennomføra sjølvvalde aktivitetar, som dei grunna koronasituasjonen, ikkje gjer på eiga hand. Til dette treng vi eit godt samarbeid med frivillig sektor.

I fyrste omgang treng vi å få ei oversikt over kven som har behov, kva behov dei har og deretter ynskjer vi å danna ein frivilligbase som kan bidra i arbeidet. Tiltaket går ut på å byggja opp og styrka ein besøksven funksjon og samstundes leggja til rette for annan aktivitet etter den enkelte sine ynskjer.

Vi har godt samarbeid med heimetenestene i kommunen og vi held no på med å kartlegga behova her. For å treffa flest mogleg av dei, som treng litt ekstra merksemd og hjelp i denne tida, ynskjer vi å høyra med dykk i ulike lag og organisasjonar om kva tilbod de har for eldre og om vi i frivilligsentralen evt kan bidra med noko her.

Vi ynskjer vidare å høyra med dykk om de har lyst til å bidra med noko i dette prosjektet. Det kan vera alt frå å vera frivillig som besøksvener, handlehjelp, turven, kinobesøk, fisketur, telefonhjelp, telefonven osb, arrangera små samlingsplassar når situasjonen tillet det, hjelpa oss med kartlegginga av kven som kanskje kunne trengt litt ekstra hjelp og støtte i denne utfordrande tida og spreia informasjon om dette prosjektet slik at vi når ut til flest mogleg.

Då vi for tida er i ei sosial nedstenging er det vanskeleg å skapa felles samlingsplassar i fyrste omgang, men kanskje det då er ekstra viktig å ha ein turven eller telefonven å snakka saman med.

Alle frivillige vil få opplæring i smittevern og lyt skriva under på teiepliktskjema. I tråd med gjeldande retniningsliner vil ein kunna krevja politiattest til dømes ved heimebesøk hjå sårbare grupper. Dette er noko Frivilligsentralen hjelper til med.

For meir informasjon: Kontakt Kvinnherad Frivilligsentral v/ Anja Thunold ( 960 46 848 ) eller Veronica Thorsen ( 900 76 543 ).

Tekst/foto: Pressemelding
Nett/ Redigering: Kristian Bringedal