Dei 3 siste dagane har alle elevane ved Uskedalen skule vore gjennom innhaldsrike dagar prega av mange ulike aktivitetar.

Måndag hadde vi hobbydag. Elevane fekk presentera ein av hobbyane sine, og fekk vera med på/sjå på andre sin hobby. Her var det mange utstillingar der vi fekk sjå både cross-syklar, fotballdrakter, duftlys, perling/handarbeid, handball, ulike musikkinstrument med meir.

Tysdag var det sjødag. Då var alle elevane delt inn i fire grupper på tvers av alder, og alle gruppene fekk vera med på fire ulike aktivitetar. Det var Fiske frå kai og båt, Leik i fjøra, samt to inne-grupper som hadde om “Livet i havet” og Kunst og handtverk. Sjølv om vèret var dårleg, og vi vart både våte og kalde, så hadde vi ein kjekk dag. Vi fekk til og med litt fisk, både knurr, lyr og torsk. Tusen takk til Otto for at han stilte med båt på formiddagen!

I går, onsdag, var det klar for ein dag med aktivitetar henta frå Meisternes Meister. Då var 1.-4.klasse og 5.-7.klasse kvar for seg, og fekk testa ulike aktivitetar som tårnbygging, pusling, papirfly, reaksjon, stafett, flaskebowling med meir. I siste timen var 1.-4.klasse tilskodarar og heia-gjeng då 3 grupper frå 5.-7.klasse hadde ei tevling som innehaldt både symjing, vass-bering, løp, sykling og klatring. Det vart ette rkvart kåra ein klar vinnar, som hadde samla både nok poeng, og betre tid i løpet av øvingane. Tre kjekke og innhaldsrike dagar er over. No blir det rydding og omorganisering i dag, før kos og avslutning i morgon. Vi ønskjer alle ein strålande sommar!

Tekst/nett: Odd Steinar Arnesen
Foto: Jorunn G. Myklebust og Anja N. Leite