Torsdag startar salget av den.

Det er blitt ein viktig tradisjon i førjultida at Uskedal skulemusikk har gledd svært mange med dei kjekke adventskalendarane. Dei skaper mykje glede og spenning rundt i mange heimar medan vi ventar på jula. I år er det 10. året skulemusikken sel denne kalendaren, og årets jubileumsgevinstliste overgår alle tidlegare årgangar. Svært mange har bidrege, og med så mange flotte og verdfulle gevinstar bør alle anbefala den til kollegaer, venner, utflytta uskedelingar, ja, alle som de meiner fortener denne gleda og spenninga i førjulstida. Og det er alle! I samband med at salget no startar, har styret i Uskedal skulemusikk sendt ut denne pressemeldinga:

Her kan de sjå heile den flotte gevinstlista!

Skulemusikkens adventskalender for 2022 er i sal frå torsdag 10.11. Gevinstlista er svært fyldig, med to flotte premiar kvar einaste dag i adventstida også i år. Dette er mogeleg fordi me har så mange gode støttespelar og me er svært takksame for kvar einaste bedrift og privatperson som har støtta oss med gevinstar. Inntektene frå salet av adventskalendarar er viktig for drifta av skulemusikken og me håper folk støttar oss og tar godt imot musikantane når dei kjem på døra.

Det er fleire andre også som skal ha stor takk; det er Gro’s Blomster som hjelper oss med salet, AUTO 88 som deler ut gevinstar, Kvinnherad Vekst som har trykka kalenderen og Uskedalen.no som hjelper oss med å kunngjera vinnarnummer kvar dag frå 1. til 24. desember. Tusen takk også til deg som kjøper kalender – me er svært takksame for støtta.

Prisen er den same som den har vore tidlegare; 100 kr pr kalender. Du kan sikra deg kalender på ein av desse måtane:

  • Kjøp kalender av ein musikant som kjem på døra di
  • Hos Gro’s Blomster
  • Hvis du vil handle digitalt, så sender du ei melding til Ann Merete Åsheim Nilsen på telefon 932 06 254. Du betalar med Vipps og så sender ho deg bilde av kalenderen din. Merk at det ikkje er nok å betale med Vipps – du må i tillegg sende ein SMS til Ann Merete.  

Siste salsdag er 29.11, men du treng ikkje vente til det. Løp og kjøp!

Tekst og foto: Styret, Uskedal skulemusikk
Nett: Thor Inge Døssland.