Nødvendig å trykkja fleire kalendarar.

Kalendargeneral Kjell Harald Tungesvik i Uskedal Skulemusikk opplyser at salget av skulemusikken sin adventskalendar i år har vore rekordstort. Dette har medført at dei har trykt opp 50 ekstra kalendarar. Desse ligg no ute for salg hos Gros Blomster. Salget vil pågå til og med onsdag, eller så lenge det er kalendarar igjen.
Det går også fint å kjøpa adventskalendarar til folk som bur andre stader. Då kan ein berre ta eit bilde med mobilen, senda bildet og plutseleg så er kalendaren i Oslo eller kor mottakar skulle bu. Det er viktig at sendar då beheld originalen i tilfelle gevinst.
I tillegg til godt arbeid er truleg den enorme gevinstlista medverkande til at salget er rekordstort i år.
Siste frist for kjøp er altså onsdag. Ta turen til Gros. Fredag morgon blir dei to første vinnartala publisert på her på uskedalen.no

Tekst, skjermdump og nett: Thor Inge Døssland