AD Blue anlegg på Auto 88.
Det siste og nye på Auto 88 i Uskedalen er installasjon av AD blueanlegg. Frå ein tank på 5000 liter kan kundane få tilgang til AD blue med å fylla frå pumpe. Dermed slepp ein ha med og fylla på frå 10 liter dunkar. AD blue vert brukt for å reinsa eksosen og dermed redusera utslepp. Dette er særleg aktuelt på nyttekøyrety, som lastebilar og tunge køyrety. Kunden brukar kortautomat, det same som for påfylling av bensin og diesel. Arbeidet med monteringa vert gjort av Byggmester Stensletten. Bilete syner Even Haraldsen Rasmussen frå Auto 88 ved AD bluetanken, før sjølve bua vert kledd inn.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal