
Abeidsgruppa med skisse til ny brannstasjon i Fronta bygget på Børnes.
I rapporten om brannberedskap i Uskedalen har Arbeidsgruppa med skisse til ny brannstasjon i det planlagde Frontabygget på Børnes. Kostnad: kr. 7 – 8 millionar kroner. ( 2025 ). Det er under halve kostnaden av det ein ser for seg om ein byggja ny stasjon i sentrum. Frontagruppen er kontakta. Dei vil gjerne gje ein fast pris på ferdig oppsett bygg etter dagens krav.

Frontabygget på Børnes er eit lagerbygg. 7 av 16 seksjonar er alt selde. Kvar seksjon er på 70 rutemeter. Det går med tre seksjonar til ein evt. ny brannstasjon. Arealet vert tilpassa dagens krav til brannstasjon.
Slik Arbeidsgruppa ser det, vil eit nybygg på Børnes liggja lagleg til, også med tanke på rekruttering frå Herøysundet. Det vil vera ei glimrande løysing både økonomisk og beredskapsmessing for alle partar.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Arkiv