Aasmund Kåre Rørvik er gjest på ope møte i Uskedal historielag i kveld, tysdag 28. nov. kl. 19.00.
Uskedal Historielag inviterer til medlemsmøte på Stemneplassen i kveld kl. 19.00. Møte er ope for alle interesserte. Gjest er Aasmund Kåre Rørvik med morsslekta si frå Kvednavikjo i Uskedalen. Aasmud Kåre har i mange år skanna og registrert foto og dokument med lokale tema og frå slekta si i Uskedalen. På møte i kveld vil han fortelja om metode og system, foto og dokument. Hans Ordin Østebø orienterer om status i arbeidet med arkivet, innsamling, skanning og tilvokster. Thor Inge Døssland frå skriftstyret orienterer om Årbok 2 og kor langt ein er komne med neste bok. Det er enkel servering.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Privat/ Kristian Bringedal