Det er tid for årsmøte. Uskedalen.no vil gjerne informera lesararane om lagsaktiviteten i bygda. Då må vi få tilsendt litt informasjon frå årsmeldinga og eit foto av det nye styret. Røysterett for Alle har alt hatt sitt årsmøte. Det var torsdag 25. januar. Innlegg frå årsmøte i Røysterett for Alle kjem. Dei andre årsmøta kjem førtløpande utover i februar og mars månad. Bilete på topp syner noverande styre i Uskedal Friluftslag.

  • Tysdag 06. februar: Årsmøte i Uskedal helselag
  • Måndag 12. februar: Årsmøte i Uskedal Historielag
  • Måndag 12. februar: Årsmøte i Uskedal Friluftslag
  • Sundag 25. februar: Årsmøte i Uskedal sokn
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Arkivfoto