Klare for NM for brassband i Grieghallen.
I morgon, torsdag, reiser 28 musikarar frå Rosendal Musikklag til Bergen for å delta i NM for brassband. 3 av musikarane har sterk tilknytning til Uskedal Skulemusikk. Det er dirigent Tor Skeie Olsen som er korpset sin principle-kornettist, Ebba Hermann Fossli som også er i kornettgruppa, og Nils Rainer Vågen som speler 1. baryton (bildet over). Etter ein god middag, ein god øving og ei god natts søvn på hotellet skal dei vera god rusta for konkurransen. Etter oppvarming skal Rosendal Musikklag vera klare på scenen kl. 12.10 på fredag.
Det er til saman 76 korps som deltar i NM fordelt på 6 divisjonar, – frå elite til 5. divisjon. Rosendal er blant dei 14 korpsa i 5. divisjon.
Eg var å høyrde korpset då dei spela NM-stykket dei hadde valt, “Variations on the 9th” av Gilbert Vinter, for publikum i Rosendal Samfunnshus tirsdag kveld. Korpset er godt førebudde til den skarpe konkurransen der dei som vanleg blir dirigert av Yngve Nikolaisen.
Etter å ha sett og høyrt musikklaget på tirsdag, er eg imponert over det gode påfyllet dei har fått med unge musikantar. Nokre av dei trufaste medlemmene i korpset har tatt pause i samband med NM, men unge musikarar har bidrege til at korpset likevel har full brassbandbesetning. 6 av musikarane i NM-korpset er også skulemusikantar. For desse er nok deltakinga i Grieghallen ekstra inspirerande!
Frå Sunnhordland deltek også Tysnes Musikklag (dir.: Øyvind Nikolaisen) i 2. divisjon og Sagvåg Musikklag (dir.: Karl Ole Midtbø) i 3. divisjon.
Vi ønskjer alle korpsa lukke til i NM.
Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland