Den årlege sommarfesten med grillmat og program på Rosendalstunet gjekk av stabelen i går, tysdag 21. juni. Festen er for dei som bur på heimen og familiane deira, besøksvener, tilsette og andre hjelparar. Rustne Menn med Tore Nordahl-Pedersen og Kristian Bringedal stod for musikken. Ein tidlegar medlem i gruppa, Reidar Myklebust, var tilhøyrar. Ein av gjestene, Trygve Haugland frå Uskedalen, vart kalla fram for å vera forsongar på Å,Vestland, Vestland. Trygve er nær på 94 år og har ei klar bassrøyst, like god som då han var ung. Han har vore aktiv medlem i Uskedal musikklag, er æresmedlen der, og er tidelt Norges Musikkorps Forbunds Fortenestemedalje for minst 35 års teneste. Elles var det mange kjende andlet å sjå i den fullsette kantinen på Rosendalstunet, mellom dei ein annan aktiv musikklagsmedlem, Alfred Eik. Bilete syner f.v.: Tore Nordahl Pedersen, Trygve Haugland og Kristian Bringedal.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Lars Børge Sæberg