80.000,- til Liv og Lyst prosjekt i Uskedalen.
Uskedal utvikling har motteke tilsegn frå Fylkeskommunen om tilskot på inntil kr 80 000 til prosjektet Møteplass. Bakgrunnen er søknad med prosjektplan. Prosjektet Møteplass er teke opp som eit eittårig LivOGLyst-prosjekt. Det er ein føresetnad at dokumenta vert signert innan tre veker og at søkjar godtek vilkåra for løyvinga med gjennomføring slik prosjektet er planlagd. Det kan søkjast om forlenging av tiltaket. LivOGLyst er eit bygdeutviklingsprosjekt som har som føremål å skapa trivsel og vekst i lokalsamfunnet. Med prosjektet Møteplass vil ein særleg iverksetja tiltak for å halda på ungdomen og dermed hindra fråflytting. Tiltak for å stimulera til tilflytting er eit anna viktig tiltak. Søkjar og prosjekteigar er Uskedal Utvikling. Prosjektleiar: Egil Myhre. Av bygder i Kvinnherad som har vore med på LivOgLyst, kan vi nemna: Sunde, Åkra, Varaldsøy og Hatlestrand.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Arkivfoto